Warning: Undefined variable $attr in /home/4/r/rokleiva/www/wp-content/themes/sandbox/functions.php on line 500
Om Røkleivhytta – Røkleivhytta

Om Røkleivhytta


Warning: Undefined variable $listtag in /home/4/r/rokleiva/www/wp-content/themes/sandbox/functions.php on line 325

Warning: Undefined variable $i in /home/4/r/rokleiva/www/wp-content/themes/sandbox/functions.php on line 351

Røkleivhytta

flyfoto

Røkleivhytta ligg vest for Tryvannshøgda i Nordmarka, og har vore lagshytte for Bondeungdomslaget i Oslo sidan 1916. Ho er stor og romsleg med sitjeplassar til minst førti i storstova. Kjøkenet er stort og fungerer fint til matlaging.

Hytta er relativt stor, i to etasjar og med full kjellar. Det er :

  • Sengeplass til 15-20 personar fordelt på tre soverom. I tillegg er det eit loft med madrassar som er eigna overnatting for barn og vaksne som ikkje er så kresne. Sjå detaljert oversyn over soveromma heilt i botn av sida.
  • Peisestove med to sofaer og lenestolar. Spiseplass til 40-50 personar.
  • Veslestova har to sofaer og ein del stolar. Det er TV med NRK1, NRK2 og NRK3.
  • Kjøkenet har ein komfyr og to ekstra kokeplater, oppvaskbenk, oppvaskmaskin og spiseplass til åtte.
  • I kjellaren er det bad med ein dusj.
  • I uthuset er det utedo og vedskjul.

Det kan vera lurt å ha med seg klutar og kopphanddukar, ettersom det ikkje er garanti for at slikt finst reint. Me prøver å vaska ting jamnleg, men det hender me kjem på etterskot.

Hytta har innlagt straum og vatn, men har utedo. Det er både elektrisk oppvarming og vedfyring.

Utanfor hytta er det opparbeidd eitt flatt uteareal til ulike aktivitetar.

Det er alkoholforbod i hytta og på heile tomta (inkludert uteområdet).

Soveplassar

Soverom:

  • Soverom 1 ligg i fyrste etasje. Det er to køyesenger, totalt fire sengjeplassar.
  • Soverom 2 ligg i andre etasje. Det er ei køyeseng og ei smal dobbeltseng, totalt fire sengjeplassar.
  • Soverom 3 ligg i andre etasje. Det er to køyesenger, ei smal dobbeltseng og ei enkeltseng, totalt seks sengjeplassar.
  • Loftet har sengjeplass til inntil 10 personar på madrassar på ein heva, brei sengjebenk. Det er lågt under taket! Det har overnatta inntil 15 barn på loftet, men det er nok i overkant trangt.

Andre rom:

  • Veslestova har ein (vond) sofa som ein kan sove på. Det er plass til 4-5 madrassar på golvet. Du må i så fall ta med luftmadrass sjølv.
  • Storstova har ein (veldig vond) sofa som ein kanskje kan sove på. Det er plass til 30-40 madrassar på golvet. Du må i så fall ta med luftmadrass sjølv.

Telt:

  • Det er svært god plass til telt på tunet rundt hytta. Tunet er flatt, det er lite stein og nesten alt er svært godt drenert (det er eit lite parti inn mot skogen som kan vere fuktig når det har regna mykje).