Slik kjem du deg til hytta

  • Med T-bane: Ta t-bana til Lillevann stasjon. Kryss over sporet og hald fram nordover på vestsida av sporet langs vegen Rødkleivfaret. Etter fem minutt kjem du til ein parkeringsplass. Gå så tjue meter nedover ein grusveg før du tek til høgre inn i skogen. Fylg stien over den gamle skiløypa og vidare. Etter 10-20 minutt, avhengig av snømengder og fysisk form, kjem du til hytta. Det er ca 600 meter å gå.
  • Med bil: Køyr til Røkleivfaret og parker på parkeringsplassen heilt inst i vegen. Sjå korleis du skal køyre frå Smestad til Røkleivfaret.

Du kan fylgja sumarmerkt sti heilt til du ser ei stor, mørkebrun hytte. Då er det berre ein nedoverbakke og ein oppoverbakke igjen.

Last ned KML-fil med stien (til Google Earth eller smarttelefon).


Vis Tur til Røkleivhyta i eit større kart