Leige hytta

Prisar:

  • 1200 kr per natt, 2500 kr for ei helg. Helgeprisen gjeld uavhengig om ein leiger hytta for ei eller to netter.
  • Medlemer av Bondeungdomslaget kan leige hytta til 150 kr per person per natt. I helgene er det dyrare, prisen avheng av kor mange personar som skal overnatte. Ta kontakt for meir info.

Du må betale på førehand til konto  8101.07.04537 (vent til du har fått stadfesting på at hytta er ledig!). Betalinga må merkast med «Røkleivhytta» + namnet ditt + datoen du skal leige hytta. Du kan også betale med Vipps, nummer 77047.

Me kan ta eit depositum på opptil 2000 kroner i tillegg. Dersom det blir gjort hærverk på hytta eller noko blir skada eller manglar må du betale for det. Ta kontakt med hyttestyret eller lagskontoret umiddelbart og gje melding om kva som har skjedd.

Praktisk informasjon til leigetakarar. Hugseliste som du må ta med deg til hytta.

Du kan sjå når hytta er ledig i kalenderen nedanfor.

Det er alkoholforbod på hytta. Vi leiger ikkje ut til utdrikkingslag, festar e.l.

Dersom du vil leige hytta klikkar du på datoane du vil ha (dei får litt mørkare farge). Fyll inn namn (organisasjonsnamn i etternamn-feltet) og dei andre opplysningane. Du får ei stadfesting frå oss om kort tid.

OBS! Skriv inn kva du skal bruke hytta til i merknadsfeltet, f.eks. «styremøte for X organisasjon» eller «sumarsamling for X barnehage».

Dagar merkte med raudt eller gult er opptekne.


Calendar is loading...
- Ledig
15
- Oppteke
15
- Oppteke (ventar på svar)
captcha