Hugseliste for leigetakarar

Skriv ut denne sida og ta ho med deg på hytta.

Før du går må du

  • Fylla opp alle vedkassane med ved frå bua. Ikkje sløs med veden! Hugs at panelomnane skal brukast til oppvarming, veden er berre til kos og hygge (det er mykje arbeid å hogge ved!).
  • Låsa utedo og bua. Heng nøkkelen til utedoa i gangen ved kjøkenet.
  • Sjekka at alle vindaugo er stengde.
  • Sjå til at alle kontaktar er tekne ut.
  • Slå av alt lys.
  • Frå oktober og ut april skal panelomnen på badet nede stå på 10 gradar. Set varmekablane på bada/i dusjen på minimum. Lukk dørene til bada.
  • Setja panelomnen på kjøkenet på 10 gradar. Lukk dørene til kjøkenet.
  • Alle andre omnar skal vera av. Ta ut stikkontaktar.
  • Sløkk og ta ut fjernsynet og dekodar.
  • Sjekka at alle dører er låste.

Søppel

Alt søppel skal kjeldesorterast. Plast skal i blåe posar, matavfall skal i grøne posar og restavfall skal i vanlege plastposar.

Alt søppel skal kastast i søppelspannet på parkeringsplassen, det som står litt for seg sjølv er vårt.

Det skal ikkje setjast att mat på hytta. Det inkluderer tørrmat, saft og ketsjup. Alt du tek med til hytta skal du ta med når du reiser.

Tome mjølkekartongar, juskartongar og anna med matrestar på eller i,  skal anten brennast eller kastast i søppelspannet.

Posar finn du i skuffene under vindaugo.

Slik bruker du oppvaskmaskina

Hytta vert brukt av mange, difor skal alt vaskast på 65 grader.

Maskina bruker litt over to timar på ein vask. Hugs difor å setja på siste vasken i god tid før du forlet hytta.

Vaskemiddel finn du i skåpet under vasken.

Før du dreg skal du:

  • Tøma oppvaskmaskina
  • Setja alt på plass i rett skåp
  • Steng vatnet til maskina
  • Dra ut stikkontakten til maskina
  • Set døra til oppvaskmaskina på glytt.

Dersom det er lite oppvaskmiddel att når du dreg seier du frå om dette til lagskontoret når du leverer nøkkelen.