Praktisk informasjon til leigetakarar

Prisar og liknande informasjon finn du på rokleiva.no/utleige.

Nøklar hentar de på lagskontoret til BUL Oslo i Rosenkrantzgate 8, 2. høgda i arbeidstida. Telefonnummeret dit er 23 21 41 60. Nøkkelen må leverast seinast tre dagar etter de har vore på hytta.

Leiga blir fakturert frå lagskontoret til BUL og må betalast på forfall.

Avbestiller de hytta seinare enn ein månad før de har bestilt henne, må de betala 25 prosent av leiga.

Praktisk info:

  • VIKTIG! Det er ikkje klutar og vaskefiller på hytta. Det må du ta med deg sjølv.
  • Det er ved i uthuset. Vedkassene inne i hytta (veslestova, storstova og kjøkenet) må fyllast opp før de dreg frå hytta. Vi må hogge all veden for hand – det er umogleg å transportere ved inn til hytta; så bruk ved med måte.
  • Det er panelomnar i hytta som skal brukast til vanleg oppvarming, veden er til kos og hygge på peisen!
  • IKKJE bruk ved frå vedskjulet til å lage bål ute. Finn heller tørre greinar o.l. i skogen – det er meir enn nok å ta av.
  • Det ligg posar for kjeldesortering av søppel i nedste skuffa under glaset på kjøkenet. Søppelet kastar de i det søppelspannet som står for seg sjølv på parkeringsplassen ved Røkleivfaret.
  • Steikjeomnen virkar, men ikkje varmluftsfunksjonen.
  • NB! Det er berre utedo på hytta. Vassklosetta i kjellaren er ikkje tilkopla kloakk, og er difor stengde av. Dersom dei vert brukte må de dekkja utgiftene med å få reinsa røyr og grunnen rundt hytta.
Calendar is loading...
-
Ledig
20
-
Oppteke
20
-
Oppteke (ventar på svar)
captcha